Velkommen til Stongfjorden småbåtlag sine sider på nettet. Her har medlemmene i båtlaget mulighet til å dele alle båtlivets gleder med andre.Fortell gjerne om fiskeplasser.Fortell om den fisken du fikk og den store som forsvant.Ta oss med på tur i nærområdet og ut i verden. Fortell om fine plasser som det er spennende for andre å besøke.Del tips og erfaringer om motor og utstyr.Legg ut bilder fra storm og stille. Ingenting er for lite og ingenting for stort.

Nye bilder

Stongfjorden småbåtlag

Følges av 11 medlemmer.

Laget vart starta i 1983 og det vart lagt ned ein betydeleg mengde dugnadstimar for å få dei første bryggene på plass.I starten var det plass til 30 båtar og det var utlagt ei brygge mitt i havna med båtar til begge sider.I 2006 vart bryggene plassert langsmed land og no fekk vi plass til 38 båtar.
Det har vore ein stabil medlemsmasse heilt til i det siste, men no er det fleire forespørsler om plass i havna.
Så dette lover godt for framtida. Mer om sonen

Origo Stongfjorden småbåtlag er en sone på Origo. Les mer

Vedtekter for Stongfjorden småbåtlag
Laget har som formål å samle alle båtinteresserte for å ivareta felles interesser, samt sikre hamneplass for laget sine medlemmer.
Val av tillitsmenn
Lagets styre skal bestå av 5 medlemmer.
Formann,varaformann,kasserar,sektetær og hamnesjef, samt 2 varamenn.Styret er vedtaksføre ved 2/3 frammøte. Funksjonstida er 2 år.
Årsmøte
Årsmøte er lagets høgaste bestemmande myndigheit, og skal avhaldast innan siste Fredag i Februar. Årsmøte skal behandle alle vanlege årsmøtesaker, samt innkomne saker som må vere styret i hende innan 10 Februar. Årsmøte fastset timepris på dugnad,pris på båtplass og medlemskontigent.
Formannen skal
A:Vere ansvarleg for att lagets lover vert følgt, og att vedtak frå årsmøte blir sett i verk.
B:Kalle inn til og lede styremøte og lagsmøte, samt ekstraordinære lagsmøte når 1/2 av lagets medlemmer forlanger det.
Varaformann skal
A:Ha ansvar for, og lede dugnadsarbeid i samarbeid med hamnesjefen.
B:Sette seg inn i drifta til foreininga
C:Kunne pålegge andre gjeremål av styret
Kasseraren skal
A:Føre dagbok over lagets inntekter og utgifter
B:Sørge for kontigent
C:Utbetale rekningar etter anvisning frå formann
D:Plassere kontantane i godkjent bank. Uttak må berre finne stad ved formannens underskrift.
E:Legge fram revidert reknskap på årsmøtet, samt gje ein oversikt over lagets økonomiske stilling.
Sekretær skal
A:Føre protokoll over styre og lagmøter samt dets forhandlinger.
B:Føre protokoll over dugnad,og føre ajourført medlemsliste samt utføre lagets korrespondanse.
Hamnesjefen skal
Ha ansvar for vedlikehald og drift av hamneanlegget og arealet rundt.Tildele medlemene båtplass og føre liste over desse.Foreslå nødvendig innkjøp ovanfor styret.
Medlemskap,kontigent,båtplass.
A:Laget er ope for alle.
B.Kontigenten er Kr.250.- pr år og kan bli vedteke endra på årsmøte.Kontigenten skal betalst innan 30 Januar.
C:Kvart medlem kan berre tildelast ein båtplass.Båtlaget har forkjøpsrett til båtplassar som er til salgs i ein mnd.Etter den tid kan seljar selje fritt.Største lengde på båt i hamna er 10,5 meter.Styret har likevel fullmakt til å tilldele inntil 3 plassar til båtar med maksimallengde på 13 meter.Årsmøte fastset kvart år salsprisen pr. båtplass.Grunnlaget for prisfastsetting skal vere innskotne midlar,dugnadsinnsats og prisstigning.
D:Framleige av båtplassar ertillete av kvart medlem i inntil 3 mnd.Framleige over 3 mnd. skal foregå gjennom styret.Ved framleige av båtplass skal hamnesjefen holdast orientert.
E:Medlemmer kan av styret påleggast 10 timar dugnad pr. år.
F:Laget pålegg sjølv sine medlemmer dugnad når det gjeld utbygging av havneanlegget.
G:Styret kan pålegge eitkvart medlem nødvendige arbeidsoppgaver.
H:Årsmøte kan med 2/3 fleirtal beslutte å forandre vedtektene.

Annonse